Bolstad River is closed 2013

Bolstad River Photo by Hampus Thore

Bolstadelva Grunneigarlag har i møte med fiskeforvaltninga fått melding om at Bolstadelva ikkje vil bli opna for eit ordinært fiske til neste år. Istaden vil elva bli opna for eit forskningsfiske der målet er å samle inn snutemerke frå merka laks. Korleis dette fiske vil bli organisert er for tidleg å sei noko om, men det vert lagt ut ny informasjon på vår heimeside når dette er klart. Forvaltninga begrunnar denne avgjerda med at innsiget av laks har vore mindre i år enn venta, og gjenfangsten under prøvefiske er dominert i hovedsak av ein årsklasse. Forvaltninga ynskjer difor meir kunnskap om utviklinga til bestanden før det blir aktuelt å beskatte denne gjennom eit ordinært sportsfiske.

Me beklager at det ikkje blei noko ordinært fiske, slik som me "forhåpentlig" annonserte på nettsida vår tidligare i oktober.

Mvh

Bolstadelva Grunneigarlag

Bolstad River Photo by Hampus Thore

Nyhetsarkiv

Länkar

Senaste nyheter