Uroleg for tunnelmassar i Vangsvatnet

River Bolstad

Den utryddingstruga vossolaksen er unik, og Vaksdal kommune ber Voss om å vera varsam med å gjera inngrep i Vossavassdraget som kan påverka laksen.

 

Det kjem fram i ein merknad som Vaksdal kommune har til kommuneplanen for Voss, ein plan som skal gjelda frå 2011 til 2022.

Verdas største

Bolstadfjorden og fjordane rundt Osterøy er unike naturområde – på same måten som Nærøyfjorden.

Vossalaksen, som er største atlanterhavslaksen i verda, vandrar inn i fjordsystema ved Osterøy.

Varsame

Denne laksen er unik, men står i diverre i fare for å verta utrydda.

– No må Voss vera varsame med inngrep i vassdraget som kan påverka laksen og det sårbare fjordsystemet.

Massar i vatnet

– Eit aktuelt tema no, er tunnelmassane som vert fylde ut i Vangsvatnet, og kva konsekvensar det kan få.

Det har vore sett i gang akutt naudhjelp for vossolaksen dei siste åra, og i fjor viste dei ein positiv effekt, heiter det i merknaden.

Naeroy Water Fall Pool
Etiketter: bolstad/naeroy

Comment on news

Nyhetsarkiv

Senaste kommentarer

Etikettmoln