Skal granska utslepp fra oppdrettsanlegg

MILJØGRANSKING: Fylkesmannen trur Sjøtroll slepp ut meir fiskeavfall i fjorden enn dei har lov til her på anlegget ved Blom på Osterøy. Difor er det no gjeve ordre om ei omfattande gransking av havbotnen her ved Osterøybrua. FOTO: ARKIVFOTO

 


 - © bt.no
KRITISK: — Eit lurespel at oppdrettarane skal granska seg sjølve, meiner Kurt Oddekalv. 

 


 

Meiner tilhøva er betre

Sjøtroll AS seier dei allereie er i gang med nye testar og ser klar forbetring på havbotnen.

Sven Åge Hauge, regionsjef for Osterøy i Sjøtroll Havbruk AS, seier dei har sett i verk nye undersøkingar.

— Vi tok nye prøver i same tidsrommet som vi fekk brevet, og desse viser klar forbetring i kor mykje slam vi fann under anlegget. No skal vi også ta meir omfattande prøver av området rundt anlegget, og har planar om å setja i verk dette på nyåret.

Eitt av momenta fylkesmannen er kritisk til er at Sjøtroll ikkje har testa meir enn botnen rett under anlegget, ettersom dette ligg i bratt terreng. Hauge seier dette ikkje har vore vanleg praksis, men at dei no gjer det etter tilbakemeldingane frå Fylkesmannen.

Kvifor rapportane dei har gjort tidlegare vert omtalt som mangelfulle kan han ikkje svara for.

— Det har eg ikkje moglegheit til å kommentera. Vi har leigd inn folk som er godkjende til å ta slike undersøkingar.

Utspela til Kurt Oddekalv seier han følgjande om:

— Eg har ingen kommentar til noko han seier.




Sindre Øye Helgheim , artikler 

Publisert: 31. des. 2010, 07:00
Oppdatert: 30. des. 2010, 15:18


 

Sjøtroll Havbruk AS er no pålagt av Fylkesmannen å gjennomføra granskingar på sjøbotnen ved Blom, like aust for Osterøybrua. Her skal dei finna ut om fjordmiljøet har tatt skade av utslepp av fiskeavfall frå anlegget dei siste åra, og om dei forureinar meir enn dei har lov til.

Dette er resultatet av at Norges Miljøvernforbund i mars i år dykka ned med undervasskamera under anlegget. Her avdekka dei store mengder fiskeavfall fleire hundre meter under oppdrettsanlegget, og meinte dermed å ha påvist at avfallet forureinar havbotnen sjølv om anlegget vart flytta ut på djupare vatn i 2007. Det vart gjort for mellom anna å hindra nettopp at avfallet la seg på botnen. Bileta frå oppdrettsanlegget vart vist på TV 2, der Kurt Oddekalv kravde at oppdrettarane må betala kloakkavgift for utslepp av avfall frå fisken.

 

Leverte mangelfulle rapportar
Etter å ha fått oversendt bileta frå Oddekalv og co kravde Fylkesmannen at Sjøtroll leverte dokumentasjon på kva konsekvensar utsleppa deira får for Sørfjorden. I oktober sende selskapet over rapportar frå 2008, 2009 og 2010, men Fylkesmannen var ikkje nøgd. Rapportane var mangelfulle og inneheldt feil, og viste også i liten grad korleis utviklinga har vore dei siste tre åra.

Nyleg fekk difor oppdrettsselskapet brev med pålegg frå Fylkesmannen om å utføra nye granskingar. No må dei også kartleggja om utsleppa deira får konsekvensar for området rundt, og ikkje berre direkte under anlegget.

— Dei må sjå nærmare på korleis tilhøva er under anlegget, og må også dokumentera konsekvensane for havbotnen på det djupaste punktet i fjorden. Vi synest det var klare manglar i rapportane heilt tilbake frå 2005, og i møte med Sjøtroll gav dei også uttrykk for at dei var einige og ville gjera nye undersøkingar, seier seksjonsleiar Kjell Kvingedal ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling.

 

Kan mista løyvet 
Han er kritisk til framgangsmåten Sjøtroll har nytta i sine tidlegare rapporteringar.

— Manglane går på kvifor dei ikkje har tatt fleire prøver av sjøen rundt anlegget. Dei har også brukt ein metode som ikkje eignar seg i bratte terreng, seier Kvingedal og peikar på at fiskeavfallet gjerne sig djupare ned i fjorden - og ikkje legg seg direkte under merdene fisken sym rundt i.

Etter å ha sett rapportane til Sjøtroll, trur Fylkesmannen at det vert forureina meir enn det oppdrettsselskapet har lov til. Vert det no avdekka at utsleppa har fått følgjer for miljøet i Sørfjorden, kan det igjen få konsekvensar for Sjøtroll AS. Anlegget ved Blom har lege brakk sidan juli, men skal etter planen starta opp ny produksjon i februar.

— Det kan få følgjer for utsleppsløyvet deira, som vi kan gå inn og justera ned. I verste fall kan vi også vurdera å trekkja det tilbake, seier Kvingedal.

 

Oddekalv: -Uhaldbart å granska seg sjølv 
Kurt Oddekalv er glad for at miljøvernforbundet sine bilete frå sjøbotnen har fått følgjer, men er kritisk til at Sjøtroll AS no skal granska seg sjølv.

— Det er eit lurespel. Dei har no fått eit pålegg om å undersøkja utsleppa sjølve, og leiger inn ein eller annan korrupt forskar, som ikkje vil tora å levera inn noko anna enn det Sjøtroll sjølv vil ha. Gjer han ikkje det, vil han nemleg ikkje få ein slik jobb igjen, seier Oddekalv til Bygdanytt.

Han meiner bileta frå Norges Miljøvernforbund er bevis nok på at oppdrettsanlegget skadar havbotnen.

— Vi fann store mengder slam og drit og ein heilt død fjordbotn. Dette viser at avfall frå anlegget samlar seg på botnen, noko oppdrettarane tidlegare har nekta for. Dei burde i staden bli bøtelagde med ein gong og få krav om å rydda opp etter seg, seier han til Bygdanytt.


Nyhetsarkiv

Etikettmoln