Bolstadelva 2011

BOLSTADELVA

Till nästa säsong så har vi öppnings vecka i Bolstadelva med start from. den 3 juli dom första 1 1/2 dygnen har Norsk Villlaksbevaring. Det är med stor spänning och förväntan som vi ska fiska där en hel vecka i denna mytom spunna älv. Kenta Håkansson har vecka nr 2 direkt efter oss.

Jag har även fiske först veckan i Augusti som kommer att läggas ut här inom kort, det kommer även en hel del om boendet och bilder på detta fantastiska hus alldeles vid älvkanten.

Bolstadelva är den nedre delen av Vosso den är 3 km lång med start från Evangervatnet, källflödet kommer uppe ifrån Hadangervidda och är totalt ca 70-80 km lång.

Bolstadelva tillhörde fram tills i början på 1990 talet den älv som hade störst genomsnitts vikt på lax, även i denna älv har det bedrivids fiske av de äldre lorderna sedan 1860 talet.

Där har man bedrivit ett enormt arbete de sista åren för att få tillbaka den gamla laxstammen. Bakom detta projekt ligger bla. Norsk Villaksbevaring, med bla. Frödin och Pål i spetsen.

Nedan lite information om projektet.

 

Interessa for Bolstadelva begynner å ta seg opp, og sportsfiskarar både i inn- og utland kjenner til prosjektet som vert kalla “Redningsaksjonen for Vossolaksen” der produksjon av smolt på Hernes er ein del av dette prosjektet. Mange meiner smoltprosjektet på Hernes er eit krisetiltak og må reknast som ei form for “kunstig åndedrett”, og ikkje noko langsiktig metode for å kultivere ein fiskebestand. Skal ein lukkast med redningsaksjonen er det ein føresetnad at ein får kontroll på lakselus og rømt oppdrettsfisk som i dag er ein hovedtrussel for villfisken. Her er det ein lang veg å gå, og enno vil det ta fleire år før ein kan ha von om å opne elva for fiske etter den ekte villaksen i Bolstadelva.

Om fiske i Bolstadelva

Bolstadelva grunneigarlag har no inngått avtale med Norsk Villaksbevaring frå 01.07.2010 om formidling av utleige av elva for å fiska opp rømt oppdrettsfisk. Villfisken er framleis freda og må sleppast ut att om ein får den på kroken. Sjå eigne oppslag om reglar for fiske.

Meir info om Vossalaksen sjå :

www.vossklekkeri.no

Astrid Rongen 03.07.2010
MEIR OM BOLSTADLAKSEN
Bolstadelva var fram til slutten av 80-åra unik i verdenssamanheng der fiske etter verdas største atlantiske laks trekte sportsfiskere frå inn- og utland til bygda vår. Bestanden som blir kalla Vossolaks hadde ei gjennomsnittsvekt på heile 11 kg. Elva blei freda tidleg på 90-talet, og har etter dette vore stengt for ordinært laksefiske. Den har i dag status som nasjonalt lakseførande vassdrag, og bestanden skal ha særskilt beskyttelse og prioriterast med hensyn til tiltak og forskning.
Bolstadelva Grunneigarlag har etter løyve frå fiskeforvalter i Hordaland fått opna elva for eit begrensa fiske i perioden 1.juli – 31.august der aure og oppdrettslaks kan takast opp, medan villaks skal setjast tilbake i elva.
Grundige undersøkingar har synt at ein rekke menneskapte faktorar har påverka bestanden negativt i løpet av dei siste 20-25 åra. Forsuring av vasskvaliteten, vassdragsregulering, vegbyggjing, senking av Vangsvatnet, effekt av lakselus og rømt oppdrettslaks har alle vore negative faktorer for Vossolaksen.
Som fylgje av redusert sur nedbør har vasskvaliteten i elva vorte betydeleg forbetra. Likeeins er andre faktorar i ferskvassdelen i dag vurdert til å ha ein moderat effekt på laksebestanden. Miljøforholda i elva er difor i dag ikkje lenger til hinder for å byggje opp- og oppretthalde ein livskraftig laksebestand.

Derimot syner forskningsresultat at angrep av lakselus og rømt oppdrettslaks er dei to mest akutte trusselfaktorene for villfisken. Angrep av lakselus på utvandrande laksesmolt i fjord- og kystområder og rømt oppdrettslaks i elva må kome ned på eit bærekraftig nivå om ikkje Vossolaksen skal gå tapt.
Osterfjord Villfisklag som blei skipa vinteren 2010 vil ha dette som ei av sine mest prioriterte oppgåver. Tiltak her kan vere reduksjon i biomasse, eller at vidare produksjon vert basert på lukka- eller landbaserte oppdrettsanlegg.
I tillegg til menneskapte trusselfaktorer i fjordsystema har det den siste tida kome indikasjoner på at beiteområda i Norskehavet er dårlegare enn venta. Dette er dårleg nytt for villaksstammene som beiter i dette området, og det er for tidleg å sei kor alvorleg dette er for Vossolaksen.
Forskningsmiljøa vil halde fram sitt arbeid med å framskaffe kunnskap om laksen si vandring i sjø- og elv. God dokumentasjon vil vere grunnleggjande i alt kultiveringsarbeid som vert utført i tida framover. Eit døme kan her nemnast smoltfella som har stått ute i elva nedanfor jernbanestasjonen i vår. Denne fanger smolt som er klare til å vandre frå ferskvatn og ut til havet. Fella gjev oss bl.a. kunnskap om utvandringstidspunkt og elva sin årlege produksjon av småfisk.

Det er utarbeidd ein 10-årig redningsplan basert på omfattande undersøkingar av bestandssituasjonen og trusselfaktorar. Den opphavlege Vossolaksen er teken vare på i dei nasjonale genbankane i Eidfjord og Haukvik. Reetablering og gjenoppbygging av bestanden i Vossovassdraget vil vere basert på ein storstilt tilbakeføring av genbankmaterialet i form av utsetting av rogn, yngel og smolt.
For vår del av Vossavassdraget vil det for 2010 sei:
- Rognplanting 58 000 rognkorn, april
- 1-åringar ca 7000, mai
- Yngel ca 20 000, juli

I tillegg er det slepa ut smolt frå anlegget på Hernes som er sett ut på ulike lokaliteter. Gruppene har ulik merking der >50% er behandla mot lakselus.
- Vassenden 12. mai 7000 stk, snutemerka 50/50 behandla/ubehandla
- Manger 15 og 21. mai, 61 000 behandla mot lus,
- Manger 19. mai, 7000 stk, snutemerka 50/50 behandla/ubehandla
- Breistein 19. mai, 7000 stk, snutemerka 50/50 behandla/ubehandla
- Manger 2. juni, 7000 stk, snutemerka 50/50 behandla/ubehandla
- Breistein 2. juni, 7000 stk, snutemerka 50/50 behandla/ubehandla

Tidlegare forsøk med sleping av smolt har synt ei tilbakevandring på 1-5%. Oppskalering av smoltproduksjon ved Voss Klekkeri / Hernes skal gje ei tilbakevandring av gytelaks på høgd med dei gode åra før 1980. Resultatet vil ein sjå ved at smålaksen kjem tilbake i 2011 og 2012, før storlaksen er tilbake i 2013.

 För mer information om boendet klicka på länken nedan

http://www.bergagarden.no/

 

OBS!!! stor fil tar ca 30-40 sekunder innan den startar

Etiketter: bolstadelva

ARCIVE